– Ja, vi elskar Hauststormen

Det er konklusjonen til dei 100 deltakarane som svarte på undersøkinga etter Hauststormen 2006. Men dei signaliserte også fleire punkt som må bli betre til den neste Hauststormen.
– 85 prosent av deltakarane gir oss beste eller nest beste karakter for Hauststormen sett under ett. Det er klart vi er nøgd med eit slikt tal.
Det seier Stian Sjursen som var informasjonsleiar for Hauststormen 2006.
Etisk debattsuksess
Best karakter får Ingrid Langeland Olderbakk sitt etikkseminar. Der fekk deltakarane presentert ulike etiske problemstillingar på video. Så fekk dei sjølv gi uttrykk for korleis dei ville valgt med JA eller NEI-plakat.
90 prosent av deltakarane seier dei likte denne sekvensen godt eller svært godt.
Også sekvensen der skupvinnarane Kjersti Knudssøn og Synnøve Bakke fortalde om sitt arbeid med Kvikksølvjentene og Linda Eide sitt foredrag om språk fekk toppkarakter.
– Dette er sekvensar som var godt budde, lærerike og engasjerande. Deltakarane seier tydleg ifrå om at dei likar dette, seier Sjursen.
– Vi skal bli betre
96 av dei 150 deltakarane på Hauststormen 2006 svarte på undersøkinga som vart gjort rett i etterkant av konferansen.
Men sjølv om dei fleste var positive til konferansen sett under eitt, betyr ikkje det at alle var nøgde med alt.
– Nei, vi har mange ting vi må ta tak i til Hauststormen 2008. Vi må bli betre på debattleiing og underhaldning, vi skal ha fleire aktuelle og meir fokuserte debattar, vi skal bli meir presise, betre på teknikk og vi skal gi meir tid til at folk får prate med kvarande og ha det kjekt. Dette er ting som deltakarane etterlyste i 2006, og som vi har tenkt å gjere noko med, seier leiar Stian Sjursen.
– Det blir Hauststormskule
Hauststormen 2008 vert arrangert på Voss for andre år på rad. Det er mellom anna fordi deltakarane i 2006 var veldig nøgd med Voss og Park Hotell Vossevangen.
– Vi vil også halde fram med Hauststormskulen, eit kurstilbod på dagtid fredag, fortel Sjursen.
Dette var eit tilbod deltakarane også likte godt i følgje undersøkinga. Hauststormen vert arrangert av NJ og NR medlemmer som gjer jobben på dugnad.
