Ny SKUP-vinnar til Hauststormen!

Astri Thunold kjem til Hauststormen.
Journalist i NRK Brennpunkt, Astri Thunold, kjem til Voss for å fortelja korleis ho laga den SKUP-vinnande dokumentaren «Ingens barn».
Programmet «Ingens barn» handla om barneheimsbarn og fosterbarn som etter at dei er henta frå foreldra sine vert flytta frå fosterheim til barneheim, og til nye fosterheimar igjen.
Enkelte flyttar så mange gonger som 30 i løpet av oppveksten. Programmet avdekte også kunnskapsmangel og mangel på oppfølging frå barnevernet. I vitne fekk ho pris for denne viktige dokumentaren, og på Voss kjem ho for å fortelja korleis denne dokumentaren vart til.
Til NRK.no innrømte ho at prisen betydde noko for ho.
– Det er klart. For du tvilar i blant; er dette ei sak? Er det viktig? Men så trur du på prosjektet igjen, og veit at det er viktig, sa ho til nettstaden i vinter.
Ho la til at denne utmerkinga er ei oppmuntring til å jobba vidare. Thunold jobbar til dagleg i Brennpunkt sin redaksjon i Bergen. Ho har vore journalist sidan 1986, i avis, radio og TV, i små og store redaksjonar. Har stor erfaring frå radio, som reporter og avviklar i distriktsnyheitene, men også i magasinprogram som Her og Nå, WOK, Kulturbeitet og Sånn er livet.
Sjå og www.skup.no.
