Hauststormen tek form

Det er kanskje ikkje dette du vil tenke på no. Hausten. Det bør du.

Du kan trøyste deg med at denne hausten er det nok ein gong klart for Vestlandets største journalistfaglege konferanse.

Hauststormen er ei unik mulegheit for fagleg oppdatering og sosialt samvere for journalistar og redaktørar på Vestlandet.

- Denne Hauststormen blir den beste nokon gong, lovar leiaren i programkomiteen Olaug Bjørneset.

Tek form

Programkomiteen har jobba hardt heile vinteren, og no i innspurten tek programmet til å ta form.

- Programmet blir variert og spennande. Eg kan faktisk allereie no  love at dei aller fleste journalistar og redaktørar vil få fagleg utbyte av å vere med på konferansen, seier Bjørneset.

Alle som er med i programkomiteen er journalistar og ein redaktør. Difor jobbar dei sjølvsagt heilt fram til deadline i september med å få eit best muleg resultat.

Tema som blir tatt opp på årets konferanse er mellom anna: graving i lokalmiljøet, journalistar i krise og kva skjedde på Island?

- I tillegg har vi også i år vårt eige forskingsprosjekt. Resultatet blir offentleggjort på Hauststormen.

Og vi byr sjølvsagt på Hauststormen sitt svært populære etikkdrama – ein ny spennande film er under produksjon, seier Olaug Bjørneset.

Sosialt

Hauststormen er ein journalistfagleg konferanse arrangert av NJ og Norsk redaktørforening. Det faglege er viktig, men Hauststormen er også ein viktig sosial arena.

- Det er viktig å treffe kolleger frå andre redaksjonar i ny og ne. På Hauststormen legg vi også opp til at det skal vere god tid til prat og utveksling etter at det faglege programmet er ferdig, forklarar Bjørneset.

Påmeldinga til årets konferanse er opnar snart.