liselotte_liten

Journalistikk og traumer

Englund har forska på journalistar og traumer ved store ulukker og har skrive boka «Katastrofens öga – journalistens arbete på olycksplats». Her vert det mellom anna sett eit kritisk søkjelys på oppfølginga av journalistane som dekte diskotekbrannen i Göteborg i 1998 med 63 døde.

Englund er lektor/medieforskar ved Universitetet i Karlstad, men arbeider også ved kunnskapssenteret for katastrofepsykiatri ved Universitetet i Uppsala. Ho har bakgrunn som journalist og er skandinavisk kontaktperson for den internasjonale organisasjonen «Dart Center for journalism and trauma».

Englund meiner at redaksjonane har mykje å lære for å førebu journalistane til å rapportere frå ulukker og katastrofer.

Tekst: Kjetil Haanes