Påmeldinga er opna!
Hauststormen er den største journalistkonferansen på heile Vestlandet, og vert arrangert av NJ og NR. Konferansen satsar på å samla nærare 200 journalistar og redaktørar til fagleg påfyll og rein moro.
Konferansen vert arrangert på Voss siste helga i september.
Heile programmet er ikkje klart enno, men høgdepunkta står i kø.
Menneske eller journalist?
På fredagen kan dei ivrigaste melda seg på Hauststormskulen, der ein kan velja mellom fleire kurs, blant anna innan juss.
På sjølve konferansen kjem mellom anna Kjetil Østrem frå bladet Sunnhordland, for å snakka om når ulukka er ute – er ein då menneske eller journalist? Han vil fortelja om sine opplevingar då bomba small og ein person vart drepen under 17. mai-salutten på Stord i 2007. I same bolken kjem og den svenske medieforskaren Liselotte Englund.
Ho har forska på journalistar og traume ved store ulukker og har skrive boka “Katastrofens öga – journalistens arbete på olycksplats”. Her vert det mellom anna sett eit kritisk søkjelys på oppfølginga av journalistane som dekte diskotekbrannen i Göteborg i 1998 med 63 døde.
Prisvinnarar i fleng
Teamet bak Faktasjekk.no kjem og til Voss for å snakka om suksessen bak nettstaden. Faktasjekk.no fekk nyleg Skup-diplom for ved hjelp av innputt frå lesarar avdekte dei to Bergens Tidende-journalistane løgner frå landets politikarar.
Ikkje nok med det, journalist i NRK Brennpunkt, Astri Thunold, kjem til Voss for å fortelja korleis ho laga den SKUP-vinnande dokumentaren «Ingens barn».
Programmet «Ingens barn» handla om barneheimsbarn og fosterbarn som etter at dei er henta frå foreldra sine vert flytta frå fosterheim til barneheim, og til nye fosterheimar igjen.
Sportsleg høgdepunkt
Dette er berre nokre av høgdepunkta me kan lova dykk som melder seg på Hauststormen.
Me har og ein godbit for alle sportsinteresserte klare, som me gler oss til å presentera for dykk litt seinare i sommar!
Melder du deg på konferansen no, får du den til ein betre pris enn om du ventar. Når sommarferien er over, vil prisane stiga. Lurar du på kva det kostar, seier du? Klikk her og du finn all informasjon du treng!
Hugs at studentar betalar halv pris av full pris!
Når du melder deg på, kan du bruka info-boksen i påmeldingsskjemaet til å fortelja oss om du har allergiar me bør vita om, og kven du vil dela rom med på Voss.
Meld deg på snarast mogleg, og vær sikker på å få ein plass på Hauststormen! Me ser fram til å sjå deg på Voss!
