Vil ha årleg Storm


– Eg vil at folk skal hugsa Hauststormen 2010 som ein konferanse som gjekk så knirkefritt at dei vil koma tilbake om to år, seier styreformann Johannes Morland om årets utgåve av Hauststormen. NRK-journalisten har store vyar for konferansen som vert arrangert på Voss, siste helga i september.
– Eg vil gjera konferansen viktigare enn at eg opplever den er i dag, seier han. For å få dette til, vil han mellom anna gjera konferansen årleg. I dag vert den arrangert annakvart år.
Vil verta meir synleg
– Eg vil og at konferansen skal verta meir synleg i media og blant andre relevante aktørar, seier han. Han vil kort sagt at konferansen skal få betydning for folk.
– Eg vil at folk skal vera klar over journalistar er noko anna enn ein gjeng som sit på eit rom og pratar om kor flinke me er, seier han. For å få det til, prøver ein mellom anna å få til ei fotoutstilling på Voss laga av Unesco. Utstillinga handlar om tryggleiken til journalistar verda over.
– Den bør interessera både skuleungdom og andre samfunnsengasjerte, meiner Morland. I år kjem det gjester frå både Sverige og Island. Men Morland føler likevel at Hauststormen klarar å halda på lokale profilen med mellom anna «Slik gjorde me det», prisvinnarar som snakkar om vegen fram til det prisvinnande produktet.
Finn balansen
– Eg føler at me klarar å balansera det at me er av og for lokale journalistar, sjølv om me klarar å løfta blikket litt, seier han. At det er Morland som er årets styreleiar er meir tilfeldig enn noko anna.
– Eg stilte på ei dugnadssamling, det var seks stykk som stilte, og eg hadde lyst til å hjelpa til, seier han. Det vart avgjort at styret skulle konstituerast på det møtet, og Morland sa ja til å vera med.
– Då alle hadde valt sine verv, var det økonomiansvarleg og styreleiar som stod igjen. Då var valet ganske enkelt for meg, seier han og smiler. Hauststormen er for journalistar, redaktørar og studentar. Helga på Voss er ein fin plass å skaffa seg kontaktar, og for å få eit innblikk i korleis kvardagen er for dine kollegaer.
– Til vanleg sit ein på kvar sin vesle haug. Men helga på Voss er fin plass å sjå kva som rører seg hjå andre. Og sjølv om det er stor skilnad på redaksjonane, er det mykje ein har til felles. Som til dømes tidspress og fristar, seier Morland. Årets Hauststorm vert den tredje for Morland. Han har særleg eit godt minne frå tidlegare.
Brenn for nyhendejournalistikken
– Etikkseminaret for fire år sidan var ei flott blanding av underhaldning og viktige etiske problemstillingar, seier han. Han tykkjer det er moro å sjå kor skinnheilage ein blir.
– Eg merka det godt sjølv. Ein blir ekstremt forsiktig og så løftar ein det grøne kortet. Men når det fyrst smell så er adrenalinrushet så stort at ein har eit anna instinkt når det smell, meiner han. Den sentrale midtbanespelaren for Sotra 2 er opphavleg avismann, og har jobba til saman i tre år i Bergens Tidende og VestNytt. No leiar han ettermiddagssendingane i NRK Hordaland.
– Eg brenn for nyhendejournalistikken, og det er difor eg jobbar i media, seier Morland.
– Eg likar å avdekkja og å formidla saker, sluttar han.
