Naudhjelp for journalistar
- Kurset på Voss tek utgangspunkt i naudhjelp for journalistar i ein stadig meir pressa kvardag, seier Paul Sigve Amundsen.
- Eg vil visa dykk grep ein kan ta for å få betre bilete, utan å bruka meir tid, seier han. Den prisvinnande fotografen kjem til Voss for å hjelpa deg til å bli ein betre fotograf.
Reportasjebilete
Amundsen jobbar sjølv som frilansfotograf. Det har han gjort på fulltid sidan 2004. Flest bilete leverer han til Bergens Tidende, men han fotograferer for fleire andre aviser og magasin. Han har og jobba som skrivande journalist, før han via all tid til fotograferinga.
Han seier han likar best å jobba med reportasjebilete.
- Situasjonsbilete er det eg jobbar mest med. Eg prøver å få på trykk meir enn oppstilte bilete av kjeldene, seier han. Han seier han vil få fram ein litt betre heilskap.
Drikk mindre kaffi
Amundsen har etterkvart eit velfylt premieskåp. I 2003 vann han Årets dokumentar, innland. I 2007 vart han heidra med Årets sportsreportasje. I fjor vann han Sølvparaplyen i Bergen Journalistlag.
Det verste Amundsen ser er bilete av kjeldene på framsida av bygget der kjelda jobbar.
- Ikkje set deg ned og drikk for mykje kaffi med kjeldene, seier han.
- Ta, til dømes, heller med deg kjelda ut i produksjonslokalet der dei tilsette jobbar, oppmodar han. Han seier at det er enkle grep ein kan gjera med gruppebilete og.
- Gruppebilete kan ofte verta betre, eg vil visa korleis ein kan ta grep som løftar biletet og gjer noko meir ut av det, seier han.
Høyrest dette ut som eit kurs for deg og din redaksjon, kan du melda deg på her.
Skal du delta på dette kurst, vil Amundsen at du har med deg fotoapparatet ditt, samt den siste utgåva av avisa di.

