Å vera sponsor og kritikar

Han møtte kommunepolitikar Geir Oldeide fra Rødt og presseveteranen Sven Egil Omdal til debatt om kva som skjer når media er sponsorar.

Seglbåt-festivalen Tall Ship´s Races fekk annonseplass til ein verdi av nesten 800 000 kroner i lokalavisa i Måløy.

- Dei fekk ingen redaksjonelle fordelar, seier Waage.

- Problemet var at fleire av lesarane våre trodde vi var med å arrangere, og spurde seg kor truverdig journalistikken vår var.

Tek sjølkritikk

Sven Egil Omdal meinar lokalpressa ikkje kan sei kategorisk nei til å vera sponsorar for lokale arrangement.

- Ein må sette skillelinja etter kor kontroversielt arrangementet er. Lokalavisa må ikkje trekke seg ut av det samfunnet ho skal tena, meiner han.

Han peikar samtidig på at det er særs viktig at ein dekker arrangementet uavhengig av at ein er sponsor. Waage nektar for at Fjordenes Tidende var ukritiske til Tall Ship´s Races i byrjinga.

- Vi stilte mange spørsmål i forkant. Men vi såg ikkje på dette som eit stort arrangement.

Likevel dro redaksjonen til Fredrikstad for å sjå på arrangementet der nede.

- Vi gravde det vi klarte. Men vi var ikkje flinke nok, seier han.

Politikar var gravejournalist

Geir Oldeide meiner at både pressa og politikarene burde sett kva som skjedde tidlegare. Han meiner likevel det mest problematiske var at pressa ikkje gjorde gravearbeidet sjøl.

- Det var vi i rødt som satt på kommunehuset med kalkulatoren og gjekk gjennom rekneskap og reiserekninger, seier han.

Waage avvisar likevel at det var Rødt som sto for heile den journalistiske jobben.

- Vi har skreve 1210 artiklar om denne saken. Eg tviler på at alle kjem frå Oldeide, understrekar han.