Hamra laus på bergenspressa

Årets Hauststorm opna med eit smell, med ein debatt mellom tidlegare Brann-trenaren Mons Ivar Mjelde, som møtte Davy Wathne frå TV2 og Tommy Duesund frå BA til debatt. Og gullkorna kom haglande frå alle partar.

Mjelde sakna BT

- Journalistar kan ikkje mykje om fotball, men dei kan skriva, sa mellom anna Mons Ivar Mjelde.

Mons Ivar Mjelde opna ballet, han sa at han aksepterte at media har ein annan agenda enn norske fotballtrenarar.

Men han la ikkje skjul på at han sakna Bergens Tidende under debatten, då han følte at dei gav han særleg mykje kritikk under hans tid som trenar for Brann.

Utan at han skjønte kvifor det.

Det Mjelde opplevde som mest sårande var at dei to overskriftene der BA og BT kravde hans avgang gjekk ut over ungane.

- Samarbeida ikkje

Tommy Duesund, sportssjef i BA, nekta på direkte spørsmål for at BA og BT hadde samarbeida om å ha like framsider dagen etter at Brann rauk ut av kvalifiseringa til Champions league mot Olympique Marseilles.

Han kom og med ramsalt kritikk mot administrasjonen i Brann og korleis dei hadde opptrådd i den siste tida hans i klubben, og den jobben dei har gjort fram til no.

- Drit frå lokalpressa

- Dei har ikkje mykje å vera stolt over, meiner han. Davy Wathne på si side, hamra laus mot lokalpressa i Bergen.

- Lokalavisene har spydd ut drit. Dokker kan ikkje brann, dokker driver med rør, sa han. Og gav seg ikkje med det.

- Avisene er like linjelause som Brann. Dei har ramla saman fordi dei har overlatt til Gud og kvarmann å synse og meina, la han til. Wathne meinte og at media skapte eigne forventningar, og straffa Brann når klubben ikkje klarte å leva opp til desse forventningane.

Tommy Duesund på si side, forsvarte jobben som BA hadde gjort når det kom til dekkinga av Mjelde sine siste dagar.

BT fekk forespørsel om dei ville stilla i panelet, men ville ikkje stilla opp på Voss.