Media må verta meir nøye

Gard Steiro, Mona Hellesnes og Tor Inge Akselsen under monstermast-debatten på Hauststormen.

- Eg er stort sett nøgd med det Bergens Tidende har gjort i denne saka. Det sa nyhenderedaktør i Bergens Tidende, Gard Steiro på den siste dagen av Hauststormen 2010.

Statnett innrømmer feil

- Det er fleire av sakene som er skrevet me kunne ha klaga inn for PFU. Men me valde å ikkje gjera det, då me må akseptera at media gjer feil,  sa Tor Inge Akselsen frå Statnett under den siste debatten under årets Hauststorm. Han møtte nyhenderedaktør i Bergens Tidende, Gard Steiro og ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes til debatt på Voss.  Akselsen ville ikkje gå nærare i detalj på kva saker som var PFU-materiale. Men etter fleire spørsmål frå salen letta han litt på sløret.

- Tilsvarsretten, sa han. Statnett fekk oftast koma til med eit svar om dei tok kontakt med avisene. Men gjerne to eller tre dagar i ettertid.

Akselsen opna med ein ti minutt lang monolog. Han kom med fleire skuldingar mot norsk media, men kom og med innrømmingar.

Vestlandet i brann

- Det er nok fleire ting me kunne gjort annleis, sa han, utan å gå nærare i detalj på det. Han sa at denne saka har hatt ei heilt anna utvikling enn nokon anna sak Statnett har jobba med.

- Det utvikla seg frå eit par hyggelege telefonar om dagen, til ein storm av kritiske telefonar, sa han.

- Statnett hadde ikkje noko apparat til å ta seg av dette, la han til. Han fortalte at på i ferien hadde han brukt ein heil arbeidsdag på å prata med journalistar, likevel hadde han 61 ubesvarte anrop når dagen var omme. Gard Steiro var ikkje imponert over riksmedia i denne saka.

- Media på Vestlandet har gjort ein god jobb. Mens Vestlandet må stå i brann før dei engasjerer seg, sa han.

- Media har spela på lag med oss, men dei har og vore nyanserte, sa Mona Hellesnes, ordførar i Ulvik.