- Mykje korrupsjon på Island

Geir Heljesen meinar norsk media var flinke til å dekka krisa på Island. I byrjinga.
Bjørg Eva Erlendsdottir hamra laus mot Islandsk media og journalistane si fagforeining under laurdagens sesjon på Hauststormen.
Ho var med på debatten om Island, kvar var journalistane?
- Ein del av spelet
- Journalistane var ein del av spelet, hevda ho når ho snakka om finanskollapsen på Island for to år sidan. Ho meiner at islandske aviser er øydelagt av dei same kreftene som har køyrd Island ut på stupet. Mellom anna drog ho fram islandske Morgenbladet der 30 journalistar plutseleg vart oppsagt når dei fekk ny sjef. Tidlegare statsminister og sentralbanksjef Davíð Oddsson.
- No er det berre nye fjes der, seier ho.

Bjørg Eva Erlendsdottir
- Ikkje kritiske
- Islandske journalistar misser jobben på grunn av at dei er kritiske, hevdar ho. Ho hevda og at journalistlaget på Island alltid hadde vore svake.
- Det islandske journalistlaget er ein kaffiklubb for gamle høgremenn, tordna ho. I tillegg var dei svake, på grunn av at lovverket heile tida vart gjort svakare. Årsaka til at media aldri såg faresignala med den islandske økonomien hang og mykje saman med at det berre er høgrevridd presse på Island.
- Difor skreiv dei berre om suksessen, sa ho.
Helljesen sakna analyse
NRK-veteran Geir Helljesen har fulgt Island for statskanalen sidan 1972, han meiner norsk presse har gjort ein god jobb.
- Alt i 2004 vart det skrive kritisk om islandsk økonomi, sa han. Han sa og at norsk media skreiv mange gode saker om Island i byrjinga av krisa.
- Men eg saknar dei gode analysane, sa han.
Erlendsdottir meiner at det er mykje korrupsjon i islandsk media enno.
Åtvara Noreg
- Det er nettstader med ti journalistar som ikkje har reklameinntekter, utan at ein veit kvar pengane kjem frå, hevda ho. Ho kom og med ei åtvaring til Noreg, etter at Heljesen sa at ei slik krise aldri ville koma til Noreg.
- Hadde du spurt islendingane for ti år sidan, hadde svaret vorte det same, meinte ho. Til slutt kom ho med eit godt tips til norske journalistar.
- Skal du til Island og laga kritisk journalistikk, unngå å snakk med sjefsredaktørane!
