Neste Hauststorm vert i Bergen
Hauststormen 2012 vert arranger frå 2. til 4. november i Bergen!
Alt no kan du merka av datoane 2. til 4. november 2012 i kalendaren. Då vert den neste Hauststormen arrangert, denne gongen på Clarion hotell Bergen airport.
Hotellet ligg på sjølve flyplassen, og kallar seg sjølv landets fyrste terminalhotell.
Hotellet var nytt i 2007 .
Brei omtale i media
Hauststormen 2010 fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarar, panelmedlemmer og sakene me tok opp fekk brei omtale i media både før og etter konferansen.
Særleg var det tidlegare Brann-trenar Mons Ivar Mjeldes møte med TV 2 sin profil, Davy Wathne og BAs sportsredaktør Tommy Duesund som vekte stor merksemd.
Bergens Tidende hadde fleire saker etter debatten, medan både Journalisten og ABC Nyheter omtalte debatten på førehand.
Lokalavisa på Voss, Avisa Hordaland hadde og fleire sider i papiravisa si om konferansen. Mellom anna omtalte dei Ådne Sandnes Dyrnesli, elev ved Husflidskulen på Voss.
Følg oss på Facebook
Dyrnesli og klassen kom og såg utstillinga vår «Safety of journalists», som omtalte journalistdrap verda over. Dyrnesli sjølv draumer om å verta fotojournalist, men sa til avisa at han var skremd av journalistdrapa.
Og BA og Firda omtalte Hauststormen, men berre på papir.
Meir informasjon om årets konferanse vil du finna her på heimsida vår etterkvart som ting vert klar.
