Her undersøker politiets teknikarar eit lagerlokale som er disponert av ein av dei sikta i Sigridsaka FOTO: TV 2

Gjekk media for langt i Sigrid-saka?

16-årige Sigrid Giskegjerde Schjetne vart meldt sakna frå Østensjø i Oslo etter at ho ikkje kom heim til avtala tid, klokka 00.30 natt til sundag 5. august.

Ho gjekk frå ei veninne like før midnatt, og politiet vart kontakta av uroa foreldre som alt var i gang med å leita etter jenta.

16-åringens sko og mobiltelefon vart funnet etter kort tid ved ein barnehage i Dalbakkveien 75 like ved der ho bur.

Ein enorm leiteaksjon vart sett i verk med fleire hundre frivillige og massiv dekning i media.

Her undersøker politiets teknikarar eit lagerlokale som er disponert av ein av dei sikta i Sigridsaka FOTO: TV 2

Her undersøker politiets teknikarar eit lagerlokale som er disponert av ein av dei sikta i Sigridsaka FOTO: TV 2

Etter nokre veker vart ein mann som tidlegare er dømt for valdtekt i Bergen sikta for falsk forklaring i saka. Media filma blokka der han budde, og gammal grums vart graven opp.

Ein månad etter at ho forsvann fann politiet liket til jenta, og dei sikta to andre for drapet på jenta.

Ein av dei er ein sunnmøring, og Sunnmørsposten gjekk raskt ut med intervju av barndomsvenner av vedkomande. Tittelen var «– Han burde fått hjelp før han skadet noen»

Gjorde media meir enn dei burde i Sigridsaka? Gjekk vi for langt i å identifisere dei sikta, presenterte vi for mange opplysingar? Vil publikum vete alt? Og kva utfordringar har vi når saka lever sitt eige liv på sosiale medium?

For å svare på desse og mange fleire spørsmål kjem mellom anna advokat Kim Gerdts, Frode Hansen, vaktsjef og «ansvarleg» for Sigrid-saken i Dagbladet, samt ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg til oss.

Utspørrar og møteleier er redaktør Rolf Sanne Gundersen, NRK Sogn & Fjordane.

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *