Velkomen til Hauststormen

No er styret i Hauststormen klar for å gi deg ei helg med inspirasjon, viktige debattar, innsikt og faglege diskusjonar.  Alt dette i ei sosial setting saman med ein haug av gode journalistkollegaer. Her finn du litt nyttig og viktig informasjon for alle som skal delta på konferansen.

Årsmøter og «Late night» på fredag
Konferansen startar fredag 21. oktober med innsjekk og årsmøter i journalistlaga på Vestlandet. Styret oppmodar alle om å delta i årsmøta.  Dersom du skal få refundert pengar for ei overnatting og reise frå NJ, er det også eit krav at du blir registrert som deltakarar på ditt årsmøte. Kvart lokallag sender ut eigen informasjon om dette. Etter årsmøtet vert det servert tapas i mingleområdet. Deretter er det klart for spennande gjester i Late Night-show med Arve Uglum som programleiar.

Omfattande laurdag

Renee Kaplan, Financial Times sin anerkjende analysesjef kjem til Hauststormen.

Renee Kaplan, Financial Times sin anerkjende analysesjef kjem til Hauststormen.

Laurdag har vi eit omfattande og variert program for alle deltakarane. Vi har  full programpakke i fire salar. Mange av sesjonane går parallelt og tidsskjemaet er stramt. Blant dei faglege høgdepunkta på årets konferanse er Renee Kaplan, Financial Times sin anerkjende analysesjef og Mette Bugge frå Aftenposten om kva som krevst av deg som journalist i omstillingas tid.

Lena Laastad som er arbeidslivsforskar på Stockholms universitetet fortel om forskinga si på det å vera i selskap og bransjar som er i stadig omstilling. Det vert debatt mellom redaktørane, sjølvsagt eit Facebook-kurs, eit krivekurs, fotokurs og vi får historier om korleis kollegaer har lukkast med sine satsingar. Vi skal og få sjå korleis Brennpunkt sine dyktige klipparar jobbar når dei lagar dokumentarar.

LES OPPDATERT PROGRAM HER

Ver på plass i tide

Sidan programmet på laurdag er så tett og omfattande treng vi hjelp frå alle deltakarane. Vi MÅ starte og stoppe alle sesjonar presis etter planen. Det vil gjere at du kan planlegge, og folk slepp å vente på folk som er seine på plass. Difor er det veldig viktig at du er på plass på stolen din når sesjonen du vil delta på skal starte. Det vil vere forstyrrande om folk skal rusle rundt og leite etter plass når sesjonen er i gang. Vi håpar alle hjelper oss med dette.

SJÅ PRAKTISKE TIPS HER

Geir Bjarte Hjetland startar laurdagskvelden med journalistkviss i baren.

Geir Bjarte Hjetland startar laurdagskvelden med journalistkviss i baren.

Sosial festkveld på Hauststormen

Laurdagsfesten startar vi med journalistkviss ved Geir Bjarte Hjetland. Han er ein røynd kvissmaster og journalist, og køyrer ein sosial kviss i baren. Deretter er det klart for festmiddagen til Hauststormen. Det er Anders McCauley som skal lede oss gjennom eit godt og sosialt festmåltid. Her tilbyr hotellet ein drikkepakke som inneheld både øl og vin som er tilpassa maten. Det er viktig å merke seg at du sjølv gjer opp for all drikke direkte til hotellet under konferansen, og at det ikkje er mogleg å sette det på rommet. Etter festmiddagen opnar journalistbaren som held open fram til klokka 02.

Desse kjem til Hauststormen 2016.

Eksklusiv sluttpakke-dokumentar

På søndag sender vi vår eksklusive minidokumentar med to av dei som valde å ta sluttpakke. Vi følger Camilla Ahamath og Henrik Hylland Uhlving det første året etter at dei tok sluttpakke. I tillegg vil også Lena Laastad frå Stockholms universitet fortele om si forsking på bransjar som er i stadig omstilling. Heile konferansen avsluttar vi med ein sabla god hamburgerlunsj i restauranten.

Vi er veldig glade for at landsstyret i NJ også har lagt sitt møte til Hauststormen!

Velkomen til Hauststormen 2016! Vi er på sosiale medier! @hauststormen #hauststormen

Dersom du lurer på noko finn du kontaktinformasjon her.

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *