hauststormenlaurdag-9-of-23

BA-redaktøren til NRK-sjefen: – Må de absolutt driva med nettavis?

Tidvis høg temperatur på det vestlandske toppmøtet på Hauststormen.

– Eg vil gje honnør til NRK, men må de driva med nettavis? Det var jo ikkje intensjonen?

Det spurte BA-redaktør Sigvald Sveinbjørnsson NRKs regionredaktør Kai Aage Pedersen om på det vestlandske toppmøtet som vart arrangert på Hauststormen laurdag.

Der møttest redaktørar frå Haugesunds Avis, Bergensavisen, Bergens Tidende, Sogn avis, Sunnmørsposten og NRK til debatt om stoda i mediebransjen.

Pedersen var ikkje nøgd med spørsmålet frå BA-sjefen.

– Platttformene smeltar saman og de går jo inn på ting som me var åleine på, svarte han og tenkte mellom anna på web-tv og radiosendingar frå BA.

thumb_img_1395_1024

Han meinte og det var naudsynt for NRK å vera på dei platttformene som publikum etterspør.

– Elles dør me, frykta han.

BT-sjef Øyulf Hjertenes var mest uroa for korleis ein skal klara å finansiera journalistikken i framtida.

– Om statsfinansierte gratistilbod gjer at folk ikkje vil abonnera på BA og BT, er det eit problem, meinte han.

BT som avis har ikkje hatt fleire abonnentar sidan 2011, der nærare 20.000 av dei er heildigitale. Men har vore nøydde til å ta store kutt dei siste åra. På det største var dei heile 240 tilsette i redaksjonen. No er dei nede i 95. Og sjølv om dei tenar meir på abonnement, går det nedover med anonnseinntektene.

hauststormenlaurdag-13-of-23

– Lesarkrisa er over, no kjem anonnsekrisa, var konklusjonen frå scena.

I Sunnmørsposten må dei kutta tolv millionar kroner det neste året. Halvparten av det i redaksjonen. Det får konsekvensar.

– Me må velga vekk meir. Men det me gjere, det skal vera kvalitet. Lesarane skal vera trygge på at det dei får er gode saker, seier ansvarleg redaktør Hanna R. Berg.

I Sogn avis har dei førebels vore så heldige at dei har slept å kutta. Anonnseintektene lokalt har og helde seg.

– Men me får ein smell så det syng etter på samkøyringsanonnsene. Det er lokale kjøpemenn som vil anonnsera hjå oss, men ikkje får lov. Det gjer meg bekymra, seier han.

Load More

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *