hauststormenfredag-38-of-38

– Barnevernet er alt for dårlege til å bidra i debatten

Barnevernsleiaren i Eid er stort sett nøgd med media, men saknar fleire telefonar frå journalistar.

– Me i barnevernet er alt for dårlege til å bidra i debatten. Me er for feige til det, det meiner barnevernsleiaren i Eid kommune i Sogn og Fjordane, Bjarte Gangeskar.

Laurdag var han på Hauststormen for å debatera forholdet mellom media og barnevernet.

Han meiner ein kan få ei betre barnevernsteneste om media ringer dei oftare.

– De ringer oss alt for skjeldan, av og til sit eg og ventar på ein telefon frå dykk, seier han.

Han meiner dagens barnevern burde vore flinkare til å ta seg av media.

Han seier at hans erfaringar med media stort sett er gode. Men samstundes som han ventar på fleire telefonar frå journalistar, oppmodar han bransjen til å vera varsame.

– Journalistane må og kvar gong stilla seg spørsmålet om vinklinga dei vel, skadar barna, seier han.

Advoakt Louis Anda frå Sogndal meiner barnevernstenesta har for stor makt ved at dei hentar inn info, etterforskar og tek ut tiltale i saker.

– Det er ikkje betryggande stor nok avstand mellom barnevernet og Fylkesnemnda, seier han.

hauststormenfredag-31-of-38

Han meiner media bør verta flinkare til å sjå på prosessane og sakshandsaminga i etaten. Og han er tydleg på at media må skriva om barnevernssaker.

– Om ikkje vert ikkje ei av dei svakaste stemmene i samfunnet ikkje høyrd, seier han

Bård Siem er journalist i NRK Sogn og Fjordane og har jobba mykje med den svært omtalte Naustdalssaka. Han seier han er skremt.

– Sakshandsamararne sit der med den enorme makta si. Det er skikkeleg skremmande, meiner han.

Han har med si erfaring opplevd ein lukka etat.

– Det verkar som det går prestisje i enkelte saker, der det viktigaste er å vinna saka, seier han og refererte til mellom anna Naustdalsaka. Der han meinte det hadde vore svakt fagleg arbeid frå barnevernet si side.

Det fekk Gangeskar til å reagera.

– Om barnevernsleiaren er inkompetent er ikkje opp til Bård Siem å avgjera. De får de ta opp med fylkesmannen, avslutta han.

Load More
0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *