hauststormenlaurdag-1-of-23

– Kom deg til h****** ut frå kontoret!

BT-journalist med klare råd om korleis du skal betra kvaliteten på teksten din.

Ide, fokus og struktur.

Det er dei tre viktigaste tipsa Bjørn Asle Nord frå BT-magasinet har til journalistar som vil heva tekstane sine.

– Det vert inga god historie utan ein god ide. Men det må skje noko i den ideen du har, stillstand fører ingen veg, sa Nord til ein stappfull sal av nyskjerrige journalistar under Hauststormen, laurdag.

Han seier det er viktig å utvikla ideane. Gå inn bak nyheitsbildet.

– Kan nyheita verta betre forstått gjennom augene til ein vanleg person?, spør han.

For å finna dei gode ideane ber han folk sjå på det som skjer rundt seg.

– Gå gjerne ut av flokken. Når alle skriv om ADHD, skriv om oppsida ved ADHD. i idretten kan det til dømes vera gull med ADHD, seier han.

Han hadde og ei øving til dei frammøtte. Han bad folk om å tvinga seg til å finna nøkkelordet som historia handlar om.

– For om du ikkje klarar å halda fokus, vil historia flyta ut, meiner han.

Nord seier du kan byrja med tre ord, så vert det to ord og til sist eit ord.

– Eg vil oppmoda folk til å øva på denne enkle, men ekstremt vanskelege tingen.

Load More

Nord brenn for dei gode reportasjane og viste til ei undersøking gjort av 400.000 artiklar i 55 publikasjonar.

– Folk elskar dei lange historiene. Det skårar mykje betre på engasjement, men utgjorde likevel berre ein prosent av alt stoffet. Så potensialet er stort, meiner han.

hauststormenlaurdag-1-of-23

I ein god reportasje skal du ta med lesarane til stader dei ikkje har vore før. Dei skal tenkja på kva som skjer no. Når han kjem att frå saker, set han seg ned og lukkar augene.

– Kva går i reprise inne i knollen min? Om noko har festa seg på ein spesiell måte hjå deg, er det ikkje utenkjeleg at lesarane føler det same, seier han.

Kvar historie må ha ein motor. Motoren er rå kraft som held lesaren engasjert heile vegen. Det kan vera eit implisitt spørsmål som teksten gjev svar på.

Men for å få laga dei gode historiene er det ein ting som er essensielt.

– Kom deg til helvete ut av kontoret. Det er vanskeleg å få bevegelse frå kontoret, meiner han.

Men når du er ute på jobben, bør du tenkja som ein fotograf og snakka minst mogleg.

– Ofte kjem gullkorna etter intervjusituasjonen, når du ikkje står i vegen lenger. Så om du verkjeleg vil ha gull må du investera tid i mennesket. Bygga tillit og gjerne ta den fyrste kaffikoppen utan notatblokk, meiner han.

– Bygg arbeidet ditt rundt nøkkelspørsmålet. Dess meir struktur du har, dess meir kreativ kan du vera, sluttar han.

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *