HauststormenCombo

Kva vil du oppleva i år?

Programkomiteen er i gang med sitt arbeid for årets Hauststormen. Men vil gjerne ha dine innspel.

– Vi skal lage ein knallgod konferanse!, seier leiar for programarbeidet til årets konferanse, Leif-Kjartan Bjørsvik.

Han peikar på at programmet skal spegla alle medium.

– Det gjeld alt frå dei små lokalavisene til dei større redaksjonane, seier han.

Det gjer arbeidet utfordrande, men kjekt.

Vil ha innspel

Programkomiteen har hatt sitt fyrste heildagsmøte i Bergen. Mange gode idear som gjengen kan jobba med, kom på bordet.

Leif-Kjartan Bjørsvik, NRK Hordaland.

Men Bjørsvik understrekar at han framleis vil ha fleire innspel som komiteen han leiar kan ta med seg i arbeidet.

– Tanken vår førebels er at fredagen går med til kursing på dagtid og årsmøter i dei respektive lokallaga på kvelden, fortel han.

Avslutninga på kvelden skal vera ein uformell programpost.

Laurdag og sundag vert dagane med det faglege programmet.

– Me prøver å legga opp til eit opplegg med fleire paralelle sesjonar på laurdagen, fortel Bjørsvik.

Når han ikkje leiar programkomiteen til Hauststormen jobbar han som ktsjef for radio, tv og internett ved NRK Hordaland.

Det sosiale i sentrum

Programkomiteen er breitt samansett av journalistar frå heile Vestlandet. Det er røynde folk, og ferske journalistar. Studentane frå Volda og Bergen er og representert.

Det same er sjølvsagt Norsk Redaktørforeining som er med og arrangerar konferansen.

Men Hauststormen handlar ikkje berre om det faglege.

Dyktige folk er alt i gang med å sørga for at det sosiale vert vel ivaretatt.

– Mellom anna legg me opp til ein uformell pub-kviss på laurdagen, fortell ein oppglødd programsjef.

Har du innspel til årets vakraste eventyr? Ta kontakt med leiaren i programkomiteen her!

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *