Praktisk og nyttig informasjon

Styret i Hauststormen ønskjer deg velkomen til konferanse 21.-23. oktober på Clarion airport hotel på Bergen lufthavn, Flesland.
Desse kjem til Hauststormen 2016.

MØT PRESIS!
Dette er kanskje det viktigaste du skal tenke på i helga. Skjemaet på årets konferanse er nemleg svært tett. Vi har mange paralelle sesjonar, og logistikken blir litt krevande. For at alle sesjonane skal få den oppsette tida, er vi nøydde til å starte presis. Vi ber difor om at alle deltakarane er på plassane sine til oppsett tidspunkt. Det vil ikkje bli venta før igangsetting, og sesjonane vil bli avslutta på oppsett tid.

KONFERANSELOKALER
Hauststormen disponerer dei fleste konferanselokala på Clarion Airport Hotel. Møteromma er godt merka, så følg med på tidsskjemaet og finn din sal i god tid. På alle saler utenom storsalen er det avgrensa plass til 50 deltakarar. Blir ein sesjon full forsøker vi med ekstrastoler, men deretter vil sesjonen bli stengt. Her praktiserer vi første deltakar til mølla.

INNSJEKK
Ved ankomst registrerer du deg i Hauststormen sitt mottakssenter på hotellet. Der vil du få utdelt adgangskort. Vi er ein papirlaus konferanse. Program og viktig informasjon finn du til ei kvar tid oppdatert på nettsidene våre. Etter innsjekk kan du sjekke inn på hotellet dersom du skal overnatte. Det er viktig at alle til ei kvar tid har adgangskortet synleg når dei er i konferanse og restaurant-områda.

PROGRAM
Det kan kome endringar i programmet på kort varsel. Difor er det viktig at du følger med på nett og mobilsidene våre, samt på informasjonsskjermane som du finn i konferanseavdelinga og i storsalen.
Her finn du alltid oppdatert program.

SOSIALE MEDIER
Vi er på Facebook, Twitter og Instagram. Bruk oss, del, sei di meining og diskuter! @hauststormen #hauststormen

SPØRSMÅL OG KONTAKT

Har du spørsmål som du ikkje får svar på via nettsidene våre er det berre å ta kontakt med oss. Send oss ei melding på Facebook, eller ta kontakt med styret.
Her finn du kontaktinformasjon.

DRIKKE

Kaffi og vatn finn du fritt tilgjengeleg i konferanseavdelinga. Ein øl og vin-pakke er inkludert i festmiddagen laurdag kveld. Det andre du måtte ønskje av drikke må du sjølv betale. Dette betaler du direkte til hotellet. Det vil IKKJE vere mogleg å sette alkohol eller andre varer på romrekning.

HOTELLET
Garantert innsjekk frå klokka 15, og utsjekk før klokka 12. Frukost frå 7-11 fredag og laurdag. Sal i baren til 02.00 fredag og laurdag.

Her kan du lese om hotellet og korleis du finn fram. Hotellet ligg rett ved terminalen på Bergen lufthavn, Flesland.
Her finn du informasjon om parkering utanfor Hauststormhotellet.