Hotellet med vrimledjuv og sprengfylt vinkjellar

Hotellet ligg like ved breidda av Vangsvatnet og berre eit par minutt frå jernbanestasjonen og med sentrumsgatene på Vossevangen like framfor resepsjonen.
Parkering
Dei som kjem med bil til Voss må forhøyra seg i resepsjonen kvar ein kan parkera trygt utan å få bot. «Lappefogden» kan vera ihuga i si teneste rundt fleire hjørne av hotellet.
Dobbeltrom
Park Hotell Vossevangen er det største hotellet på Voss med 131 rom og 230 senger. Det blir likevel ikkje enkeltrom til alle deltakarane i Hauststormen. Men romdeling skal skje frivillig med ein interesant rabatt.
Ny konferansesal
Den store konferansesalen, Vossasalen, har eit totalareal på 540 m2. Her skal det i følgje hotellet vera plass til 700 personar i kinooppsett og500 personar når stolar og bord er stilte opp som i eit stort klasserom. Vossasalen kan og delast inn i tre mindre salar.
Vossadjuvet
Hotellet har resutaurant, cafe, pianobar og nattklubb. Utanfor dørene til Vossasalen, er det eit lyst, triveleg og rommelege vrimleareal, Vossadjuvet, med utgang til plenar og gangstiar framfor Vangsvatnet.
Vinkjellaren
Den største vinkjellaren i Nord Europa hevdar hotellet at dei har. Her skal vera lagra mellom 40 000 og 50 000 flasker vin på ein stad. Dei fleste gode vindistrikt i verda skal vera representerte i samlinga. Hotelldirektør Jan Bruse Andersen har lenge vore svært interessert i vin og har samla flasker med god vin heilt sidan 1965.
Her kan du få omvisning med innlagt prøvesmaking.
Kontakt hotellet
- Telefon: 56 53 10 00
- E-post: resepsjon@parkvoss.no
- Sjå og hotellets nettstad, parkvoss.no
