Voss

Voss er innlandskommune og eit trafikknutepunkt.
På Voss fostrar dei olympiske meistrar på ski, et smalahove, dyrkar jazz og ekstremsport. Dette er nokre mytar om Voss, men også bitar av sanninga.
Til kvardags lever dei fleste vossingar likevel av å handla med eller leggja til rette for turistar.
14 000
Det finst om lag 14 000 vossingar bufaste i Voss kommune. Om lag halvparten av desse bur i sentrum eller nær sentrum, som dei innfødde berre kallar «Vangen».
Reiseliv
Framleis finst det mange produsentar av smalahove på Voss, ettersom dette er ein av dei større jordbrukskommunane i Hordaland.
Det store fleirtalet av vossingane jobbar likevel innanfor reiseliv, handel eller service. Voss er blitt ein av Vestlandet sine store reisemål både sommar og vinter. I dei siste åra har det også skjedd ei storstilt hytteutbygging, både i det «gamle» alpinsenteret Bavallen og i Myrkdalen, som ligg på vegen nordover mot Vik i Sogn.
På ski
Skiturisme er svært viktig. Bergensarane er dei flittigaste skituristane på Voss, men bygdebyen trekkjer også til seg skientusiastar frå heile Sør Noreg og frå nabolanda våre. Dei fleste kjem nok til Voss for å stå på «nedoverski», men nå er Voss også i ferd med å få eit stort internasjonalt skisenter for langrenn og skiskyting.
Dette ligg i åsen rett på søraustsida av Vangsvatnet, midt i synsfeltet frå konferansehotellet.
VM og OL

Basehopp under Ekstremsportveko.
Med flunkande nye skianlegg på Voss, kor skal då medaljehausten enda?
Bygda har alt langt fleire OL- og VM-medaljar i langrenn, alpint, skiskyting, hopp og freestyle enn svært mange andre nasjonar. Det totale medaljetalet har for lengst passert 50. Her kan nemnast opp kjende skinamn frå Voss (som alle har ein eller fleire medaljar i OL og/eller VM): Jon Istad, Odd Lirhus, Eirik Kvalfoss, Gisle Fenne, Anne Elisabeth Elvebakk, Gro Marit Istad, Egil Gjelland, Sverre Istad, Jori Mørkve, Grete Ingeborg Nykkelmo (gjekk for Voss) (alle skiskyttarar), Astrid Lødemel, Jan Einar Thorsen (alpint), Kari Traa, Hans Engelsen Eide, Hilde Lid (alle freestyle), Kristen Skjeldal (langrenn), Lars Bystøl (hopping).
Musikk og bøker
Voss er, i tillegg til sine idrettskjendisar, mest kjend for sine musikarar – særleg innan folkemusikk og jazz. Men bygda har og fostra forfattaren Per Sivle og seinare Dag Helleve.
Den mest kjende musikaren er truleg Sigbjørn Bernhoft Osa på hardingfele. Innan jazzmusikk kan vossingane skryta av Olav Dale, Tore Brunborg, Kåre Kolve (alle jazzsaksofonistar av internasjonalt format), Berit Opheim er framståande utøvar innan folkemusikk medan broren Kåre er trommis og perkusjonist.
Ivar Kolve er også perkusjonist med eigen trio i Bergen.
Per Indrehus, var mellom våre fremst samtidskomponistar, inntil han døydde for fire år sidan
Smalahove
Smalahove er både kvardagsmat og festmat for vossingar. Same helga som Hauststormen er det Smalahoveslepp på Vangen. Landets storprodusent av smalahove, Ivar Løne, importerer hove frå heile landet og sender ut gryteferdige 60-70.000 smalahove gjennom året.
Media
Det er ei avis på Voss, «Hordaland».
Hordaland har ca 30 årsverk, og 12 tilsette i redaksjonen. Avisa dekkjer fem kommunar (Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen) Opplaget er på 9.600.
Bergens Tidende har ein journalist stasjonert på Voss.
Vossa Jazz
Vossa Jazz, ein av dei mest kjende jazzfestivalane i Noreg, vart i år arrangert for 35. gong. Særpreget til Vossa-jazz er aukande satsing på barn og unge, på unge norske musikarar og koplinga mellom folkemusikk og jazz.
Ekstremsport
Ekstremsportveko, sist i juni, er blitt eit av verdas aller største ekstremsportarrangement med meir enn 1.000 deltakarar og inneheld verdscupkonkurrransar i ei rekkje ekstremdisiplinar på vatn og i lufta.
«Veko» er ikkje berre idrett. Musikk er og ein viktig del av festivalen. I år spelar mellom andre Dum Dum Boys, John Olav Nilsen og Gjengen, Jaa9 & OnklP, Hayseed Dixie og Florian Keller for å nemna nokre av artistane.
Fotball
Voss Cup er mellom dei største fotballturneringane i Noreg for 6-12 åringar og blir halden kvart år siste helga før skulane sluttar.
Gå tur
Stiftinga Bergsliminne har laga ei lita kunst- og kulturløype i sentrum. Denne løypa tek utgangspunkt i i tre kjende vossakunstnarar. Løypa går innom diverse kunstverk og monument som har samanheng med desse tre. Heile rusleturen tek mellom ein halv og ein heil time.
Galleri og museum
Av andre ting kan nemnast Galleri Voss, Vangskyrkja, den store steinkyrkja midt i sentrum (ferdig i 1277). Spasertur frå sentrum opp til museumsgardane i Mølstertunet er og ei flott oppleving.
Til topps
Det er også mogleg å ta gondolbanen, Hangursbanen, frå sentrum og opp til Hangursrestauranten der ein finn ei prakftull utsikt over Vangen og dei nærliggjande fjellområda.
Shopping
På Vangen finn du det meste, særleg innan klede, sport, smykke og mat. Men her skal også vera innslag heile resten av vare- og tenestespekteret, frå polutsal til gravferdsbyrå…
Vegar til Voss
Frå aust og vest har ein valet mellom å ta Bergensbanen (vel ein time frå Bergen, om lag fem timar frå Oslo) eller stamvegen Oslo-Bergen (E 16).
Kjem ein sør- eller nordfrå, kan ein velja å ta hurtigbåt til Bergen (frå Stavanger/Haugesund eller frå Nordfjord/Sogn) og tog vidare, eller bil på Rv 7/13 gjennom Hardanger i sør eller over Vikafjellet frå nord.
- Sjå og: visitvoss.no

